Namnet ”Gutta™” har sitt opphav frå kullet som gjekk ut av Vassenden barne- og ungdomsskule i 1997. Dei nøyaktige omstendene rundt kvifor denne gjengen valte å omtalte seg sjølve som ”Gutta” er tapt for alltid, men det er kanskje logisk sidan vi var ein gjeng gutar (og ei jente) med lite kreativ sans og fantasi, eller hadde vi kanskje ein underbevist genialitet om at det enkle og opplagde er det beste? Den gongen viste vi lite om at dette namnet skulle henge ved oss så lenge, eller kor utbreidd det skulle bli. Etter kvart sugde Gutta til seg nye kompanjongar og eit hierarkisk system med senior- og juniormedlemmer blei oppretta som vi vel kan seie aldri har hatt noko særleg praktisk betyding.

Nettstaden Gutta™ hadde sin tronge fødsel hausten 2002. Det var i utgangspunktet berre ei samling ord og utrykk og nokre få bilete på ei temmeleg talentlaus og lite funksjonell side. Det balla på seg og sida ekspanderte, blei redesigna, og blei redesigna igjen til vi satt med eit rot av enkeltståande sider linka saman på ein lite smart måte.

I november 2003 blei den første ”moderne” versjonen av Gutta™ oppretta, med bildegalleri og forum. Sidan den gong har mange ulike løysingar vore utprøvd og vi har måtta endre nettstaden etter endringar i bruk og etter mengde bruk. Nettstaden hadde si stordomstid i månadane rundt årsskiftet 04/05 der vi hadde over 10000 innlegg på forumet i løpet av ein periode på 2 månader, med nærmare 100 faste brukarar og eit snitt på over 1300 unike besøkande med over 60 000 sidevisningar i månaden.

Vi har i dag stabilisert oss og har ei gruppe på rundt 25 faste brukarar av forumet som framleis lever i beste velgåande sjølv om brukarbasen og aktiviteten har endra seg ein god del sidan starten.